Grindløetransport
Den gamle grindløa er no flytta frå Gamle Lisetsetra til Skarbøskulen.
Prosjektet med å restaurere den gamle grindløa går vidare. Elevane har no fjerna torva, tatt ned troa og for to veker sidan fekk dei ogsaå tatt sjølve grinda frå kvarandre.
Transport vart avtala og i går kom det eit lass med temmeleg vått treverk til Skarbøskulen. Førebels ligg det til tørk, - men etter haustferien skal elevane i gang med å sortere ut kva som kan brukast og kva delar som må erstattast med nytt.