Skarbø skule, 6240 Ørskog
Ann Iren Austnes Avdelingsleiar

Tlf: 70 27 10 00 

Arb.rom: 70 27 10 02 

SFO: 70 27 10 04

skarbo.skule@orskog.kommune.no


Restaurering av grindløe på gamle Lisetsetra

6. og 7. klasse har no starta på årets stor prosjekt i Kunst og Handverk. Dei skal i år restaurere ei gammal gridløe på gamle Lisetsetra.
I vår vart det gjort avtalar med grunneigarane av den gamle Lisetsetra om at elevane skal restaurere den einaste grindløa som framleis står på setra. Tidlegare var detmange løer som sto lengst aust og nedst på setrevollen. I dag er det ei igjen som framleis står. Ho er i dårleg forfatning, men sjølve grinda er det råd å berge.
Derfor er elevane og lærar Asgeir no i gang med å ta ned heile løa. Grinda skal takast frå kvarandre og fraktast ned på skulen. I løpet av skuleåret skal den så restaurerast/fornyast og gjenreisast her på skuleplassen. Til våren skal den fraktast tilbake til gamle Lisetsetra og settast oppatt der den sto.