Denne veka vart nesten som i eventyret. For onsdag vart det steiking av pannekaker på bål i Amdamfjøra.
Onsdag pakka vi sekkane med fleire liter pannekakerøre på flasker og sette kursen mor Amdamfjøra. Med på turen var også eit par spruteflasker med blåbærsylte og det viktigaste av alt; - fem pannekakejern som vi kan bruke til å steike pannkaker på bål.
Då glørne var blitt passeleg varme, kunne sjølve steikinga starte. Vi måtte ha akkurat passeleg med smør i pannene for at ikkje kakene skulle brenne seg fast. Og så var det berre å vente, - akkurat som i eventyret , -på at vi kunne snu pannekakene. Og tru det eller ei; ingen pannekake hoppa ut av panna og hamna i bålet.
Til slutt hadde 60 pannekaker hamna i magane på dei 20 elevane som var med på turen. Då var alle gode og mette, - og snipp, snapp, snute, - så var det pannekakeeventyret ute.


