Onsdag 18. mai var 1. - 4. klasse på fuglesafari til Jordskard.
Med på turen hadde vi ein stor boomblaster med ei CD-plate med fuglelåtar. Før vi gjekk høyrde vi på korleis bokfinken, gransangaren og gulsporven syng. Elevane fekk lære at fuglane ikkje syng for å underhalde oss menneske, - men at hanfuglane syng om våren for å lokke til seg ein kjæreste og for å fortelle andre at "dette området er mitt". Vi hadde også laga til plakatar med bilde av desse tre fuglane.
Oppe på Jordskard stoppa vi på ein plass med god oversikt. Så måtte alle vere stille, slik at vi ikkje skremde bort fuglane.
Vi var svært spente då vi skrudde på CD-spelaren. Men vi slapp å vente lenge! Både ein bokfink og ein gransangar fekk det plutseleg svært travelt med å fortelle at no var vi på deira område. Dei sang og skjende og flaug fram og tilbake for å fortelle at dei var her først. Vi kunne ikkje uroe dei så lenge, men rusla vidare oppover.
Der vart det matpause og eit par rundar med "boksen går", - før regnet kom og vi rusla nedatt på skulen.

