Byggeaktivitet
Stor byggeaktivitet på skuleplassen.
Sist veke fekk Skarbøskulen tilbod frå Amdam sag om vi hadde lyst på trekubbar i ulike storleikar. Vi takka ja, og henta eit par traktorhengarlass med kubbar i ulike storleikar. Desse har sidan vore i kontinuerleg bruk, og utforminga av små og store byggverk har variert frå dag til dag. Akkurat no er det ein bensinstasjon med kiosk, vaskehall og verkstad som står på skuleplassen, - og i og rundt er det eit yrande liv av elevar som er tilsette eller kundar ved.stasjonen.