Nærkafè
Fredag 6. mai var det klart for den årlege nærkafèen på Skarbø.
Elevane ved Skarbøskulen hadde gjort alt klart. I fleire veker hadde dei øvd på det over timelange programmet. Dei hadde baka skuffekaker, risbollar og muffins. Og fredagen var det full innsats for at gjestane skulle få rykande varm og fersk gjærbakst og nysteikte sveler. I tillegg skulle det ordnast til små kafèbord både på klasseromma og ute på skuleplassen. Då klokka var elleve var små og store forventningsfulle gjester på plass i gymsalen full. Og elevane sto oppstilte og klar til å køyre i gang programmet. Framføringa av sangar, dansar og framsyning av formingsprodukt gjekk flott. Etterpå forflytta alle seg opp og kunne kjøpe mat og drikke så mykje dei hadde lyst til. Tilbakemeldingane var klare; - gjestane var svært fornøgde både med program og servering.