Skarbø skule, 6240 Ørskog
Ann Iren Austnes Avdelingsleiar

Tlf: 70 27 10 00 

Arb.rom: 70 27 10 02 

SFO: 70 27 10 04

skarbo.skule@orskog.kommune.no


Døball

No er skuleplassen spylt og fri for sand og grus!
Siste veka har det vore vårleg stemning på skuleplassen. Vaktmeisteren har kosta og spyla plassen så den no er heilt fri for sand og grus. Dermed kunne elevane ta i buk syklane som har stått i kjellaren i heile vinter. Og dei kunne spele døball utan å vere redde for å gli på grusen når det går fort i svingane. Sjølv om Skarbøelevane tåler ein støyt, er det godt om ein kan sleppe nokre plasterlappar på knea! Døballeiken engasjerer både dei små og dei store og er ein aktivitet som alle kan vere med på samstundes.