Laaaaaang akebakke
Årets siste høve til å ake i Amdambakkane?
I dag var det eit fantastisk vårver på Skarbø og ettersom vi har bakkane på Amdam rett ved skulen, var det lett å ta desse i bruk både i friminutta og på uteskulen. Bildet fortel vel det meste om kor fint det var? Og vi trur dette må vere ein av dei lengste og flottaste akebakkane på heile Sunnmøre!