Denne veka har Skarbøskulen vinterferie. Derfor tok vi fastelavnfeiringa litt på forskot.
Fredag var det bakedag for elevane i 3., 4. og 5. klasse. Dei sette bolledeig i første time og så fekk deiga heve seg i reknetimen. Etterpå baka dei ut tilsaman 80 kveitebollar. Desse fekk heve seg store og fine før dei vart steikte. Halvparten av bollane vart fyllt med ei blanding av vanilje- og fløytekrem og på toppen fekk dei eit melisdryss. Dei andre bollane skulle serverast slik dei var, - rett frå steikeomnen.
Så vart det pynta og dekka bord på SFO, før alle elevane på skulen vart påspanderte fastelavnsbollar og vanlege bollar. Ei populær avslutning før vinterferieveka.
