Skarbø skule, 6240 Ørskog
Ann Iren Austnes Avdelingsleiar

Tlf: 70 27 10 00 

Arb.rom: 70 27 10 02 

SFO: 70 27 10 04

skarbo.skule@orskog.kommune.no


Skidag

Tysdag hadde heile Skarbøskulen skidag på Vaksvikfjellet.
Elevane kunne velge kva tur dei ville vere med på. Men utgangspunktet for begge gruppene var Vaksvikfjellet. Den eine gruppa gjekk dei oppkøyrde løypene mot Kjersembytet: Nokre var heilt fram til kassa med registreringsboka, - så då spørs det om nokon er heldige å vinne premie for februar månad. Dei andre stoppa i sørsida av Åsrørne. Der vart det tent bål og elevane kunne varme pølser eller ostesmørbrød. Etterpå var det leik og moro i snøen.
Den andre gruppa la i veg oppover bakkane mot Vestrefjellet. Alle kom opp og etter ein kort stopp kunne dei ta av fellane og renne nedover mot Vestresetra. Her var det ny stopp med innlagt matpause før dei sette utfor bakkane igjen, - no langs setrevegen nedover mot Massplassen. 
Her takka nokre for turen og brukte skia til å kome seg heim, medan dei andre gjekk ned Sollia og venta på bussen som hadde henta gruppa på Vaksvikfjellet.  Ein flott dag med sol, vind, trim og moro!