Skarbø skule, 6240 Ørskog
Ann Iren Austnes Avdelingsleiar

Tlf: 70 27 10 00 

Arb.rom: 70 27 10 02 

SFO: 70 27 10 04

skarbo.skule@orskog.kommune.no


Skarby

På skuleplassen på Skarbø er det no ein heil by under utvikling.
Gutane i storskulen er no i gang med eit stort prosjekt der resultatet kanskje må seiast å vere litt veravhengig. Siste dagane har det vore akkurat passeleg med våt, kram nysnø på skuleplassen. Så derfor har dei brukt friminutta til å planlegge og bygge hus, butikkar, vegar, idrettsanlegg og flyplass. Det starta med ein hoppbakke, men området har stadig vorte utvida og vakse seg større. Dersom veret held seg får tettstaden truleg snart bystatus og namnet Skarby. Og dersom vermeldingane no slår til, er det sjanse for at byen kan overleve nokre dagar inn i framtida.