Fugletelling
Denne veka har dei yngste elevane telt fuglar på foringsplassen ved SFO.
Norsk ornitologisk forening har no hatt ein landsomfattande aksjon for å få oversikt over kor mange fuglar som finnst ved foringsplassane rundt om i landet. Dette passa det bra for oss på Skarbøskulen å vere med på. For i heile vinter har dei på SFO vore flinke til å legge og henge ut mat til småfuglane. Brødrestar, feitt og ulike sortar frø har heile tida vore tilgjengeleg for små, svolten fuglekroppar. Og når vi no har telt dei, viser det seg at i alt 15 ulike fugleartar har vore innom foringsplassen sist veke.