------------------------------------------------------------ Velkommen! ------------------------------------------------------------ ------------------------------------------------------------ Lesmeg for OpenOffice.org 3.2 ------------------------------------------------------------ For dei nyaste oppdateringane av denne LESMEG-fila, gå til http://www.openoffice.org/welcome/readme.html Kjære brukar. Denne fila inneheld viktig informasjon om dette programmet. Les denne informasjonen nøye før du byrjar arbeida med programmet. OpenOffice.org-miljøet, som har stått for utviklinga av dette produktet, vil gjerne invitera deg til å delta som medlem. Som ny brukar kan du ta ein titt på OpenOffice.org-sida http://www.openoffice.org/about_us/introduction.html I avsnitta nedanfor kan du lesa meir om korleis du kan bli med i OpenOffice.org-prosjektet. ------------------------------------------------------------ Er OpenOffice.org verkeleg gratis for alle? ------------------------------------------------------------ OpenOffice.org er gratis å bruka for alle. Dette eksemplaret av OpenOffice.org kan du installera på så mange datamaskiner du vil og brukar til kva du vil (medrekna bruk i det offentlege, i næringslivet og innan utdanning). Du kan lesa meir om vilkåra i lisensteksten som ligg ved OpenOffice.org eller på http://www.openoffice.org/license.html ------------------------------------------------------------ Kvifor er OpenOffice.org gratis for alle? ------------------------------------------------------------ Du kan bruka dette eksemplaret av OpenOffice.org gratis fordi både private bidragsytarar og verksemder har utforma, utvikla, testa, omsett, dokumentert, støtta og hjelpt på mange andre måtar for at OpenOffice.org skulle bli det det er i dag – det leiande, frie kontorstøtteprogrammet. Dersom du set pris på innsatsen og vil sikra at OpenOffice.org kan halda fram, kan du bidra til prosjektet. Les meir på http://contributing.openoffice.org. Alle kan bidra med noko. ------------------------------------------------------------ Merknader om installasjon ------------------------------------------------------------ Systemkrav: - Microsoft Windows 2000 (Service Pack 4 eller nyare), XP eller Vista - Pentium-kompatibel PC (Pentium III eller Athlon tilrådd) - 256 MB RAM (512 MB RAM tilrådd) - 370 MB ledig plass på harddisken - 650 MB ledig plass for kinesisk, japansk og koreansk - Skjerm med minst 1024x768 oppløysning og 256 fargar. (Høgare oppløysning er tilrådd.) - Du kan oppgje at OpenOffice.org skal brukast som standardprogram når du opnar filer frå Microsoft Office-program. Under installasjonen kan du til å gjera dette bruka følgjande kommandolinjeval: - /msoreg=1 oppgjev at OpenOffice.org er standardprogrammet for Microsoft Office-filer. - /msoreg=0 oppgjev at OpenOffice.org ikkje skal vera standardprogrammet for Microsoft Office-filer. Dersom du gjer ein administrativ installasjon med tilvalet /a må du forsikra deg om at fila «msvc90.dll» er installert på maskina. Denne fila er kravd for at OpenOffice.org skal kunna starte etter ein administrativ installasjon. Du kan henta fila frå:http://www.microsoft.com/downloads/details.aspx?familyid=9B2DA534-3E03-4391-8A4D-074B9F2BC1BF ------------------------------------------------------------ Samspelsproblem med utvidingsdatabasen ------------------------------------------------------------ Databasemotoren frå Berkeley har vorte oppgradert i denne versjonen av OpenOffice.org. Oppgraderinga av databasemotoren gjer at brukardata for installerte utvidingar for OpenOffice.org-versjonar som er eldre enn 3.2 ikkje er gyldige. Denne versjonen av OpenOffice.org vil gjera om databasane til det nye Berkeley-formatet når utvidingar vert installerte eller fjerna. Etter denne omgjeringa, kan ikkje databasen lenger lesast av tidlegare versjonar av OpenOffice.org. Nedgradering til tidlegare versjonar kan føra til at installasjonen vert ugyldig. Viss du nedgraderer til ein tidlegare versjon av {PRODUCTNAME}, må du fjerna brukarmappa «{brukardata}/uno_packages» og installera alle utvidingar på nytt. (Adressa kan for eksempel vera «~/openoffice.org/3/user/uno_packages».) ------------------------------------------------------------ Problem ved programoppstart ------------------------------------------------------------ Vanskar med å starta OpenOffice.org (t.d. program som heng), så vel som problem med skjermvisinga kjem ofte av problem med skjermkortet. Dersom desse problema oppstår, prøv å oppdatera skjermkort-drivaren eller prøv å bruka den drivaren som vart levert med operativsystemet. Problem med å visa 3D-objekt kan ofte løysast ved å fjerna avkryssinga for «Bruk OpenGL» under «Verktøy → Innstillingar → OpenOffice.org → Vis → 3D-vising». Legg merke til at klipping og liming via utklippstavla mellom OpenOffice.org 1.x og OpenOffice.org 3.2 av og til ikkje verkar i OpenOffice.org-format. Dersom det skjer, kan du velja «Rediger – Lim inn utval» og velja eit anna format enn OpenOffice.org. Du kan òg opna dokumentet direkte i OpenOffice.org 3.2. Ver sikker på at du har nok tilgjengeleg minne i mellomlagringsmappa i operativsystemet ditt, og at du har lese-, skrive- og køyretilgjenge. Lukk alle andre program før du byrjar å installera. Merk: Du treng administratorrettar for å installera programmet. ------------------------------------------------------------ ALPS/Synaptics-styreplater i Windows ------------------------------------------------------------ På grunn av ein drivarfeil i Windows, kan du ikkje rulla i eit OpenOffice.org-dokument når du brukar ei styreplate fra ALPS/Synaptics. For å kunna rulla med ei styreplate, legg inn følgjande linjer i oppsettsfila "C:\Program Files\Synaptics\SynTP\SynTPEnh.ini" og start datamaskina om att. [OpenOffice.org] FC = "SALFRAME" SF = 0x10000000 SF |= 0x00004000 Merknad: Plasseringa av oppsettsfila kan variera mellom ulike versjonar av Windows. ------------------------------------------------------------ Snøggtastar ------------------------------------------------------------ Berre snøggtastar (tastekombinasjonar) som ikkje blir brukte i operativsystemet kan brukast i OpenOffice.org. Dersom ein tastekombinasjon i OpenOffice.org ikkje verkar som det står i hjelpetekstane, sjå om snøggtasten allreie er brukt av operativsystemet. For å løysa slike konfliktar, kan du endra tastetilordningane i operativsystemet ditt. Du kan òg endra nesten alle tastekombinasjonane i OpenOffice.org. For meir informasjon om dette emnet, sjå hjelpa i OpenOffice.org eller dokumentasjonen for operativsystemet ditt. Grunna ein konflikt med bytte av skrivemetode på fleire plattformer, måtte desse snøggtastane endrast i siste liten: - «Ctrl + mellomrom» er no «Ctrl + Shift + mellomrom» - «Ctrl + Shift + mellomrom» er no «Ctrl + M» ------------------------------------------------------------ Problem med å senda dokument som e-post frå OpenOffice.org ------------------------------------------------------------ Når du sender eit dokument via «Fil – Send – Dokument som e-post» eller «Dokument som PDF-vedlegg», kan du få problem (programkrasj eller heng). Dette kjem av systemfila «MAPI» (Messaging Application Programming Interface) som gjev problem i nokre filutgåver. Diverre kan ikkje problemet reduserast til visse utgåver av fila. For meir informasjon, gå til «http://www.microsoft.com» for å leita i Microsoft Knowledge Base etter «mapi.dll». ------------------------------------------------------------ Viktig informasjon om tilgjenge ------------------------------------------------------------ Les meir om tilgjengefunksjonane i OpenOffice.org på http://www.openoffice.org/access/. ------------------------------------------------------------ Registrering ------------------------------------------------------------ Ta deg tid til å fullføra den minimale produktregistreringa når du installerer programvara. Jamvel om registrering er valfritt, vil vi oppmoda deg om å registrera, sidan informasjonen gjer det mogleg for miljøet å laga ei enno betre programpakke og direkte ta hand om dei behova brukarane har. Gjennom personvernspolitikken, gjer OpenOffice.org-miljøet alt for å verna om dine personlege opplysningar. Dersom du gjekk glipp av registeringa då du installerte, kan du gå tilbake og registera kva tid som helst ved å velja «Hjelp – Registrering» i hovudmenyen. ------------------------------------------------------------ Brukarundersøkjing ------------------------------------------------------------ Det er òg ei brukarundersøking på nettet som vi vil oppmoda deg om å fylla ut. Brukarundersøkinga hjelper OpenOffice.org til å snøggare heva standarden for neste generasjon kontorstøtte-programpakker. Gjennom personvernspolitikken gjer OpenOffice.org-miljøet alt for å verna om dine personlege data. ------------------------------------------------------------ Brukarstøtte ------------------------------------------------------------ På hovudsida for brukarstøtte http://support.openoffice.org/kan du lesa om kvar du får hjelp med OpenOffice.org. Nokon andre kan allereie ha svart på spørsmålet ditt, sjå i brukarforumet.http://www.openofficeorg.no/Forumsider/ eller søk i arkiva til e-postlista «users@openoffice.org» på http://www.openoffice.org/mail_list.html. Du kan òg senda inn spørsmål til den engelskspråklege e-postlista users@openoffice.org. Du kan lesa om korleis du abonnerer på lista (for å få svar på e-post) på denne sida: http://wiki.services.openoffice.org/wiki/Website/Content/help/mailinglists. Les òg spørsmål og svar på http://wiki.services.openoffice.org/wiki/Documentation/FAQ. ------------------------------------------------------------ Meld frå om feil ------------------------------------------------------------ På nettstaden til OpenOffice.org kan feil og problem meldast til IssueZilla. Alle brukarar blir oppmoda til å melda frå om feil og problem som oppstår. Feilmeldingar er ein av dei beste måtane for brukarane å hjelpa til med utvikling og forbetring på. ------------------------------------------------------------ Hjelpa til ------------------------------------------------------------ OpenOffice.org-miljøet vil ha stor hjelp av di aktive deltaking i utviklinga dette viktige fri programvare-prosjektet. Som brukar er du alt no ein verdifull del av utviklinga av programpakken. Vi oppmodar deg om å delta endå meir, som bidragsytar over lengre tid. Du finn meir informasjon om korleis du kan bli med på brukarsidene: http://no.openoffice.org/ ------------------------------------------------------------ Korleis koma i gang? ------------------------------------------------------------ Den beste måten å byrja deltaka aktivt, er å melda seg på ei eller fleire e-postlister, liggja lågt ei stund og gradvis bruka postarkiva for å bli kjend med emna som har vore diskuterte sidan OpenOffice.org-kjeldekoden vart frigjeven i oktober 2000. Når du er trygg, treng du berre skriva ein e-post der du presenterer deg sjølv, og hoppa rett i det. Dersom du er van med «open kjeldekode»-prosjekt, sjå på gjeremålslista vår og sjå om det er noko du kunne tenkja deg å hjelpa til med på http://development.openoffice.org/todo.html. ------------------------------------------------------------ Abonner ------------------------------------------------------------ Her er nokre e-postlister for prosjektet (engelskspråklege) som du kan abonnera på:http://www.openoffice.org/mail_list.html - Nyhende: announce@openoffice.org *tilrådd for alle brukarar* (lite trafikk) - Hovudforum for brukarar: user@openoffice.org *Enkel måte å følgja med i diskusjonar på* (mykje trafikk) - Marknadsføring: dev@marketing.openoffice.org *meir enn utvikling* (aukande trafikk) - Fellesliste for utviklarar: dev@openoffice.org (moderat/mykje trafikk) ------------------------------------------------------------ Ver med i eit eller fleire prosjekt ------------------------------------------------------------ Du kan gjera mykje for prosjektet jamvel om du ikkje har noka erfaring med programutvikling og programmering. Ja, du ja! På http://projects.openoffice.org/index.html finn du prosjekt som arbeider med alt frå omsetjing, porting og gruppevare til verkeleg tunge programmeringsprosjekt. Dersom du ikkje kan programmera, kan du prøva dokumentasjons- eller marknadsføringsprosjekta. Marknadsføringsprosjektet til OpenOffice.org arbeider både med tradisjonell, kommersiell marknadsføring og geriljataktikk for å spreia open kjeldekode på tvers av både kulturelle og språklege grenser. Du kan hjelpa til ved ganske enkelt å spreia ryktet og fortelja om denne programpakken til folk du kjenner. Du kan hjelpa ved å bli med i marknadskontakt og informasjonsnettverket her: http://marketing.openoffice.org/contacts.html Der kan du kommunisera direkte med presse, media, offentlege etatar, konsulentar, skular, Linux-brukargrupper og utviklarar i nærmiljøet og landet der du bur. Vi håpar du har glede av å arbeida med OpenOffice.org 3.2 og at vi snart møter deg på nettet. OpenOffice.org-miljøet ------------------------------------------------------------ Brukt / endra kjeldekode ------------------------------------------------------------ Delar Copyright 1998, 1999 James Clark, delar copyright 1996, 1998 Netscape Communications Corporation.